Nyheter MDTV Forum Om Doner

WTC 7 bygningen rasa ikkje på grunn av brannar

WTC 7 Fema 2002

Av Einar Oltedal, www.motstraumen.wordpress.com

Krigen mot terror starta eit par veker etter terroraksjonane 11. september 2001 i New York. George Bush var svært raskt ute med ei forklaring på det som hende: Det var Osama bin Laden og al-Qaida som stod bak. Men ekspertar på korleis skyskraparar kan rase saman, fekk straks mistanke til forklaringa til Bush-administrasjonen. Det vart sett fram krav om gransking. Noko som Bush sette seg imot. Det vart først i juli 2004 at rapporten frå 9/11 kommisjonen var klar. I den rapporten står det ikkje eit ord om WTC 7, bygning nr. 7 på World Trade Center. Men det er akkurat kollapsen av bygning 7 som reiser den aller største mistanken til Bush sin versjon av det som hende.

Tårna WTC 1 og 2 rasa rundt kl. 10 på føremiddagen. Dei hadde begge blitt treft av fly, og det utvikla seg lokale brannar. Men WTC 7 rasa først kl. 5.20 om ettermiddagen, utan å ha blitt treft av noko fly. Og det hadde bare vore lokale kontorbrannar i eit par av dei totalt 47 etasjane.

Truverdet til heile 9/11 forklaringa står og fell med forklaringa av korleis WTC 7 kollapsa. FEMA (Federal Emergency Management Agency) var den første organisasjonen som fekk i oppgave å forklare dette. Det greidde ikkje FEMA (mai 2002). Dei sette fram fleire hypotesar, men innrømma at ingen av desse hypotesane var særleg sannsynlege. Det blei dermed oppgåva til ein annan statleg organisasjon, NIST (National Institute of Standards and Technology), å finne forklaringa. Men det skulle drøye heilt til november 2008 før rapporten til NIST var klar. Konklusjonen til NIST er at bygningen rasa saman først og fremst på grunn av kontorbrannar. Men dei innrømmer at det er første gong i historia at ein høg bygning av stål rasar saman på grunn av brannar.

Men arbeidet til NIST var i utgangspunktet uvitskapeleg. Ein skal alltid starte med den mest sannsynlege hypotesa. Dei aller fleste ekspertar på korleis bygningar kan rase saman og som har studert videoar av kollapset, er samde om at dette såg ut som ei typisk kontrollert nedriving. Men denne forklaringa vurderte ikkje NIST i det heile.

Rapporten frå NIST blei sterkt kritisert frå mange hald. Deira forklaring er at søyle nr. 79 blei så svekka av brannen i etasje 13, at den sette i gang ein kjederaksjon som førte til kollapset. Men videoane viser noko heilt anna. Ikkje ein bygning som fell saman søyle for søyle. Men ein bygning som brått rasar saman symmertrisk i fritt fall.

Nå (mars 2020) har akkurat University of Alaska Fairbanks (UAF) lagt fram ein 4-årig studie av kollapsen av WTC 7. Studien vart leia av professor Leroy Hulsey. Han var i utgangspunktet motvillig til å ta på seg dette. Men om konklusjonen til NIST vart ståande, så ville dette vere alvorleg for tryggleiken til alle skyskraparar av stål.

Bygning 7 rasa rett ned i si eiga grunnflate i løpet 7 sekund, der 2,5 sekund av dette var fritt fall. Hovudkonklusjonen til UAF er at brannar ikkje var årsaka til kollapsen. UAF nytta omfattande datasimuleringar. Konklusjonen til NIST er feil. Kollapsen kunne ikkje skje gradvis som NIST hevdar. Men bare ved ein total svikt i heile bygningen, nemleg ved at alle dei 82 bærande søylene ga etter om lag på same tidspunkt.

Rapporten seier ingen ting om kva som fekk alle søylene til å svikte på ein gong. Men det ligg jo nært å tenke på kontrollert nedriving. Studien er finansiert av Architects & Engineers for 9/11 Truth. NIST har fått mulighet til å kommentere rapporten, noko dei ikkje har gjort. Konklusjonen vil styrke alle dei som har kjempa for ei ny gransking av det som hende 11. september 2001.

3 Likes

Inventaret i kontorer som pulter, bokhyller, arkivskap tepper og gardiner m.m kan ikke generere så høye temperaturer som er nødvendige for at vertikale profilerte stålbjelker av denne store dimensjonen kan smelte. i følge forskriftene var også innvendige vegger dekket med et dobbelt lag gipsplater som i WTC 1og 2.

Hadde bygningen falt som følge av av søyler i deler av bygningen sviktet på forskjellige tidspunkt, hadde bygningen tippet over til en side, akkurat som når et stort tre felles, sages det ut en kile i den retningen en vil treet skal falle. Når bygningen WTC 7 eller Solomon bygningen som den også ble kalt falt rett ned i sin egen kjeller, må de fleste av søylene ha sviktet samtidig, og da må de fleste søylene ha blitt utsatt for temperaturene som fikk de til å smelte samtidig, og de temperaturene kan ikke komme fra inventar som møbler.

Hadde eksplosiver vært brukt, ville sidene av bygningen blitt blåst ut. Det er mer sannsynlig at ukjent teknologi som fremkaller en høy temperatur med kjemikalier og lignende ble brukt for å smelte søylene som i WTC1 og WTC2.

3 Likes

Among the other evidence is the observation that WTC 7 fell at the acceleration of gravity, or free-fall acceleration. Fire, says Dr. Harrit, cannot do that to a building. “All of these columns had to be cut at the same time for this phenomenon to happen,” he says

9/11 Truth: WTC 7 and Controlled Demolition:

Evidence of Nano-Thermite presented to Danish Court

Utdrag fra rettsaken med Niels Harrit:
Next, the plaintiff quoted from the 2005 report published by the National Institute of Standards and Technology, which purportedly explained the collapse of The Twin Towers. He homed in on what he considers to be the most important footnote written since WWII — namely,
footnote 13 on page 82.
911 Truth: Distinguished Scientist Dr. Niels Harrit Sues Danish Newspaper for Libel

First Dr. Harrit read it to the judges in English:

The focus of the investigation was the sequence of events from the instant of aircraft impact to the initiation of collapse for each tower.

For brevity in this report, this sequence is referred to as the “probable collapse sequence,” although it does not actually include the structural behavior of the towers after conditions for the collapse initiation were reached and collapse became inevitable.

Then he translated it into Danish. He went on to explain that the footnote was a prime example of “academic terror” in the NIST report. That is, not even a reader trained in physics and familiar with physics reports would be able to understand what this footnote said when reading it for the first time.

The professor’s point was proved when the judge in charge of keeping the court protocols asked Dr. Harrit to translate the last sentence again.

Dr. Harrit pointed out that between the lines in this footnote NIST was actually admitting that there is no public theory on how the North Tower and South Tower were destroyed, nor is there an explanation of the collapse sequence, as the report stops at the moment the towers were about to go down.

Upon hearing this explanation, the accused Søren Villemoes raised his eyebrows in seeming surprise and leaned back in his chair.

4 Likes

Jeg tror på brannfolka som sa de hørte serier med eksplosjoner. Ergo kontrollert riving. De var til stede og kan sine saker.

Hvordan de kom seg unna med dette er uforståelig for meg. At det blir fastholdt ved løgnen er en fornærmelse mot de omkomne og etterlatte.
Og hva med reporteren som sa at det andre tårnet hadde falt mens det fortsatt sto oppreist i bakgrunnen.

.