Nyheter MDTV Forum Om Doner

USA leverer våpen og trenar opp nynazistar i Ukraina


#1

Basert på ein artikkel av Max Blumenthal på theREALnews, http://therealnews.com
Azov battalionen i Ukraina får trening av amerikanske rådgivarar og har mottatt bl.a. moderne antitankvåpen frå USA. Azov battalionen har blitt ein del av nasjonalgarden i Ukraina og blir av styresmaktene sett på som svært effektiv i kampen mot separatistane i Øst-Ukraina. Men battalionen er også kjend for sine nazi sympatiar. Oren Dorell frå USA Today har besøkt ein Azov treningsleir og snakka med ein sersjant med namnet Alex som vedgjekk at han er nazist og inrømma at bortimot halvparten av kameratane også er nazistar. Eit anna Azov medlem har fortalt til The Guardian at Ukraina treng « a junta that will restrict civil rights for a while but help bring order and unite the country.»


Ukraina har ikkje tatt eit oppgjer med si stygge nazi fortid. På biletet ser ein amerikanske rådgjevarar i diskusjon med soldatar frå Azov battalionen. Legg merke til det nazi inspirerte Wolfsangel emblemet på skuldrene til Azov soldatane, som ikkje ser ut til å uroa amerikanarane. Antinazist aktivisten Efraim Zuroff har klaga over at Ukraina har fleire statuer over «killers of Jews» enn noko anna land. Og nazisten og massemordaren Stepan Bandera blir jamnleg feira med fakkeltog i Kiev. Den svensken veteranen Mikael Skillit er også med i Azov battalionen. Han var tidlegare snikskyttar i Den svenske hæren, men drog så som frivillig og nynazist til Ukraina. BBC har til og med intervjua han om dette.
I oktober 2016 fekk Texas selskapet AirTronic ein kontrakt på 5,5 mill $ for leveranse av antitankvåpen av type PSRL-1 til Ukraina. Denne leveranse er m.a. stadfesta av Atlantic Council’s Digital Forensic Research Lab(DFRL). Aric Toler, som er forskar ved DFRL stadfestar at USA ambassaden hjelpte til med dette salet.
Begge bileta er tatt frå heimesida til Azov battalionen.