Nyheter MDTV Forum Om Doner

Nei til tvangsvaksinering

Dette er ei 7 månader gamal sak, men temaet er meir aktuelt enn nokon sinne:

Me veit at lovverket opnar for tvangsvaksinering for å stansa epidemiar (Smittevernloven paragraf 3-8). Det er berre spørsmål om styresmaktene vil ta denne paragrafen i bruk. Som det er nemnt i artikkelen frå www.fritthelsevalg.no er det mange som ynskjer at det vert sett inn tvang.

Logisk sett vil tvang kunna verta aktuelt dersom vaksinedekninga vert låg med friviljug vaksinering. Kor stor prosent av folket som må vera immume for at flokkimmumiteten skal verka finst det ulike tal for, men oftast ligg overslaga i storleiken 60-80%. Så dersom vaksinedekninga vert vesentleg lågare enn dette vil ikkje vaksineringa vera effektiv, og spørsmålet om tvang vil melda seg.

Velkjente er historiene om narkolepsi etter svineinfluensavaksinen for ein del år sidan. No er dette eit heilt anna virus, og fylgjeleg er det heilt andre vaksinar me snakkar om i dag, men det viser like fullt at vaksinar ikkje alltid er uproblematiske.

Kva kan me gjera for å unngå tvang? Ei løysing er sjølvsagt at veldig mange tek vaksinen friviljug. Men dersom ein berre gjer det for å unngå tvang, er det “friviljug” i hermeteikn. Det vert friviljug vaksinering under trugsmål om tvang.

Den andre, og etter mitt syn betre, løysinga er å stansa viruset utan vaksinering.

2 Likes

Det blir frivillig…til ikke å gå på kino, konserter, reise etc etc. Og alle må skaffe seg en "smart"telefon.

2 Likes

Dette emnet ble automatisk lukket etter 5 dager. Nye svar er ikke lenger tillatt.