Nyheter MDTV Forum Om Doner

Løgna som starta krigen mot terror


#1

Løgna som starta krigen mot terror

Stortinget skal snart diskutere den norske innsatsen i Libya, basert på Libya-rapporten. Vil politikarane då drøfte om vi sende bombefly til Libya basert på løgn? Den britiske utanrikskomiteen har nemleg også granska Libya-krigen, og konkludert med at det var libyske islamistar med band til Al Qaida som gjekk til åtak på sivile, ikkje styrkane til Muhammar al-Gaddafi.

Den 2. oktober 2001 starta krigen mot terror då NATO-rådet vedtok at 9/11 åtaka var åtak utanifrå på USA. For første gong i historia til NATO sette ein i verk artikkel 5. Generalsekretær Lord Robinson uttalte: «The evidence are clear and compelling.» Ikkje mange dagar etterpå begynte bombene å falle over Afghanistan, og snart skulle også norske soldatar kjempe og dø i krigen mot terror. Denne dagen i oktober blei også alle NATO-landa informert direkte om bakgrunnen for dette. Men kva slags bevis blei lagt fram?

Allereide 12. september, dagen etter terroråtaka, heldt NATO-rådet eit møte og NATO-sekretæren Lord Robertson held pressekonferanse. Dersom det skulle vise seg at dette var åtak utanifrå, så var NATO-landa klare for å sette i verk artikkel 5. Knapt tre veker seinare hadde USA konklusjonen klar. Den amerikanske ambassadøren Frank Taylor, som var USA sin koordinator for tiltak mot terrorisme, la fram eit dokument for NATO-rådet den 1. oktober. Dette var grunnlaget for vedtaket som blei fatta dagen etter. Men av tryggingsårsaker kunne ein ikkje offentleggjere dette dokumentet.

Men så i 2009 fekk intelwire.com frigitt dette dokumentet. Nå kan vi alle sjå bevisa som blei brukt som grunnlag for krigen mot terror. Men kunne ein i grunnen vente at ein etter knapt tre veker kunne legge fram «klare og overbevisande» bevis? Er det ikkje vanleg praksis å sette ned flyhavari kommisjonar etter flykrasj. Og denne dagen skjedde attpå til fire flykrasj. Det blei aldri sett ned nokon flyhavarikommisjon. Men konklusjonen hadde ein etter tre veker.

Temaet for dokumentet som Frank Taylor la fram for NATO-rådet er: “September 11: Working together to fight the plague of global terrorism and the case against Al-Qa’ida.” Det er datert 1. oktober 2001. Det vart sendt ut til alle NATO-land og til allierte. Det er grunn til å tru at dette faktisk er dokumentet som i 2001 ikkje måtte offentleggjerast. Fordi på pressekonferansen dagen etter (den 2. oktober) siterer Lord Robertson ordrett frå dette dokumentet.

Kva er så bevisa som blei lagt fram? Svaret er krystallklart: Ingen bevis for at Osama bin Laden og Al Qaida stod bak. Først nyttar ein 15 sider på generelt stoff om terrorisme, historia til Al Qaida og tidlegare terroråtak. Så i del 3 kjem ein inn på det ein hevdar er Al Qaidas deltaking i 9/11. Men her vedgår ein at granskinga er “still in the early stage” and that “ there are still gaps in our knowledge.” Så held ein fram med å legge fram indirekte bevis. Bevis som langt i frå ville halde i ein rettsal. Ein påstår at fleire av kaprarane har blitt identifisert og har tilknytning til Bin Laden, igjen utan bevis. Det blir bare ein påstand.

Då krigen mot terror starta 2. oktober 2001 var Jens Stoltenberg statsminister, Bjørn Tore Godal var forsvarsminister og vår ambassadør til NATO var Hans Jakob Biørn Lian. Er det ikkje på tide å diskutere grunnlaget for at desse personane sa ja til at Norge skulle å delta i krigen mot terror? Dømmekrafta deira må ha svikta totalt denne dage i 2001. Dei kunne bare ha sagt: Før Norge sluttar seg til artikkel 5 vedtak i NATO, så forlangar vi bevis.

Kjelder:

US State Department: «September 11: Working together to fight the plague of global terrorism and the case against Al-Qa’ida.”

Corbett Report: «The Secret Lie That Started the Afghan War.