Sidan dette forumet vert administrert av ein tidlegare leiar av AKP (m-l), er det eit morosamt faktum at for ei og halv veke sidan vart det gjort eit forsøk på væpna revolusjon i USA. Revolusjonsforsøket fylgde rett nok ikkje kommunismen si dreiebok.
Ein annan refleksjon i etterkant av desse hendingane, er at sannsynlegvis har Trump aldri vore i så stor livsfare som no. Det er forferdeleg lett at eller annan kan meina at han gjer verda ei teneste ved å likvidera Trump. Skytevåpen er det nok av i USA. Og det er ikkje berre republikanarar som har dei.
Mike Pence vil visst veldig gjerne verta president. Om Trump skulle verta drepen ligg Pence an til å få den kortaste presidentperioden i amerikansk historie, ein 2-3 dagar.